Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 138

 

UTHUSTRØA

G. nr. 110, br. nr. 3.

Uthustrøa har vori plass under Uthus vestre. Bruket ligg på søre sida av Nea og vart bureist av Baro Eriksen Næss, Sørflakne, som fekk feste­setel på plassen i 1859.

Baro Eriksen var f. i 1823 og vart g. i 1855 m. Marit Olsd. Uthus, f. 1829. Marit var frå Uthus vestre.

Baro og Marit budde først nokre år på Næssmoen eller Pålenn som denne plassen var kalla da. Baro hadde ei moster der som var einsam og som han dreiv plassen for. Ein eldre bror av Baro, Jens Næss, fekk i medan bygsel på plassen, og Baro fekk da bygsel på Uthustrøa. Men namnet Pålenn kom til å følgje han vil den nye plassen, medan Næss­moen vart kalla Jensenn etter broren.

Stiftelseshusmennene laut halde hustømmeret sjølv og åtte såleis husa dei sette opp i motsetnad til bøndene som fekk utvist hustømmer fritt, men som til gjengjeld ikkje åtte så mykje som spikaren i veggen når han var islægen. Til vanleg fekk husmennene utvist skog til billig pris, men Baro fekk tømmeret til stugu si av Gammal-Jo Nordigarda Tuset som han hadde tent hos i ungdomstida. Det var ei tohøgda stu­gu med gang og kove attåt daglegstugu. Seinare vart det tilsett ny­stugu.

Baro Eriksen skreiv seg no for Uthus. Marit og Baro hadde 2 born:

Erik, 1862, og Brynhild, 1866. Ingen av dei vart gift, og båe vart verande heime.

I 1865 hadde Baro Eriksen 1 hest, 4 naut og 2 sauer, og sådde 1/4 t. bygg og sette l t. potet. I 1875 var hesten bytta i køyrokse, og da hadde dei 2 kyr, 2 ungnaut, 5 sauer og lam og 5 geiter og killingar.

Baro Eriksen Uthus d. i 1913, 90 år gammal. Marit Olsd. d. i 1909, 80 år.

Erik B. Uthus tok over plassen og systera vart hushaldar.

Det var arbeidsplikt for husmennene på stiftelsesgardane som hos sjølveigarbøndene, Erik gjorde plikten kvart år og arbeidde hos hus­bonden ellest, og fikk Norges VeIs medalje for lang og tru teneste.

Erik var tømrar og var med på mange bygg. Heime sette han opp nytt fjøs. Han hadde hest, fleire kyr og småfe.

138