Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 139

I 1920 kjøpte Erik plassen med tillegg av dyrkingsland, skog og se­ter. Brynhild hadde vakre kyr, var ei klok kvinne og var vel eigent­leg den som stod føre på garden.

Sakarias J. Uthus, son til John og Ragnhild Uthus voks opp i Ut­hustrøa. Sakarias var f. i 1906 og vart g. i 1932 m. Anne P. Evjemo og flytta til heimgarden hennar.

I 1942 overlet Erik eigedomen til Baro Eiriksen Uthus på Mosletta og tok unna kår til seg sjølv og systera.

Erik døydde i 1948, 86 år gl. Brynhild d. i 1956, nær 90 år.

Bardo Uthus er frå Mosletta, f. 1915. Ein slektning, John O. Uthus budde hos Baro i mange år. Han var i pleie, men kunne stelle både i huset og stelle krøtera, var i setra og.

John Uthus d. i 1960, 79 år gl.

I 1967 brann stugu i Uthustrøa og fleire gamle verdifulle ting brann opp, m.a. eit stort skatthold, gamle Marit Olsdotter hadde fått i arv heime på Uthus.

RØNNING

G. nr. 110, br. nr. 6.

Rønning er ein villa vest for Haugan. Den er oppsett av Jørgen Næssmo som tok den i bruk i 1947.

Jørgen Næssmo, f. 1897 vart g. 1929 m. Marit I. Næss, f. 1894. 1 barn: John Ragnar, f. 1929.

Jørgen dreiv heimegarden til 1933 då han overlet den til ein yngre bror på grunn av sjukdom. Seinare har Jørgen drivi som vegarbeidar. Marit hadde strikkemaskin og dreiv med selbubinding. John Ragnar er bygningssnikkar.

Marit Næssmo d. i 1963, 69 år gl.

HÅGÅNN

Nedl. plass

Hågånn låg ova vegen like ved gjerdesgarden mot Tuset og hadde namn etter den. I 1801 budde følgjande huslyd der:

Sivert Olsen, 42 år gl., husm. m. jord,

139