Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 140

Beret Sivertsd., hans kone, 32 år,

Siri Sivertsd. deres datter, 2 år, Ølegård Pedersd., konens moder, 73 år. Ølegård d. i 1805.

Seinare fekk ekteparet ein son, Sivert, f. 1809.

Desse folka budde på plassen enda i 1811, men ved manntalet i 1825 er plassen nedlagd. Folka må ha fari frå grenda, berre dottera, Siri var att, var tenestejente på eit par gardar, vart gift i 1834 med John Jensen Næsmo.

Sivert Olsen hadde truleg ikkje bygsel på plassen, men dreiv på byg­selretten til vermor si, som hadde hatt plassen før.

Ølegård hadde eit lite kjent namn, og ho var utan tvil innflyttar, men ein veit ikkje kvar ho var frå. Ho var kommi til Flora i 1762 og tente da på Hegset. I 1765 vart ho g. m. Sjur Olsen Tuset, og dei fekk bygsel på Hågånn. Sjur Olsen, som frå da skreiv seg for Uthus, om­kom i kvernfjellet i 1785, - ihelslagen ved et ulykkelig skud ved en sten, 45 år gammal.

Ølegård flytta no frå plassen og tente på gardane att, m.a. på Ut­hus. Ho hadde 3 born i alt, men berre 1 levde opp: Beret, f. 1768, g. m. Sivert Olsen.

KOIEPLASSEN
Nedl. plass

Koieplassen låg vest for koiebekken. Den vesle jordvegen høyrer no til Haugan og drives frå dette bruket.

Koieplassen vart bureist kring føre hundreårsskiftet. Bureisarfolka er ført i manntalet for 1801. Det var John Pedersen Øråsplassen, f. 1778, g. 1802 m. Giertrud Iversd. Rolset. Dei hadde 1 barn: Peder, f. og d. 1802.

John Pedersen døydde i 1819. Gjertrud har da truleg fari frå plassen og vori i teneste, truleg nedi Øverbygda. Seinare har ho kommi att og budde åleine, og det er frå den tid tradisjonen har gøymt på minne om «a Jatru Koienn», som dei kalla henne.

Det er truleg at desse folka budde i koie frå først av etter som nam­net har festa seg til plassen. Men koia må ha vorti bytta i stugu til slutt, for ho Gjertrud hadde stugu ho, som ho budde i. Rett nok var ho lita, meir som eit eldhus med inngangsdør frå endevegg og berre eitt

140