Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 141

rom. Fjøs var det og, men ikkje i bruk siste åra Gjertrud levde, for da var det for skralt til at krøter kunne berge livet over i det om vinte­ren. Men Gjertrud hadde dei siste krøtera sine inne i stugu med seg, og der leid dei inga naud, for her var det skorstein og all ting.

Det var berre sauer ho hadde da. Ho hadde hatt ku og, men ho var halt, sa folk. Forlaus var ho nok ikkje, men ho slepte ut sauene før alle andre om vårane, og det var nok mykje det som gjorde at folk snakka så mykje om henne. Ho gjekk etter almanakken i så måte. Så visst som vårfrumess kom, slepte ho Gjertrud Koien ut sauene sine, same kor djup snøen var. Og ho visste kvar det var mat å finne åt dei. Ho følgde dei til Øråsen, og der gjekk dei til seinhaustes ho tok dei att. Ho tykte vel ho hadde som ein slags rett til å ha sauene sine der.

Dødsåret hennar er ikkje funni, men det må ha vori før folketel­jinga 1865.

STORTRØHAUGEN
Nedl. plass

Denne plassen låg i Rønningen, ein snauhogst vest for Haugan.

I 1801 budde ein huslyd på 5 personar her. Mannen, Gunder Esten­sen, er kalla nyrydder. Han var 34 år og var truleg bror til kona på Tuset austre, Anne Estensd. som var frå Gullset.

Kona til Gunder heitte Beret Mikkelsd., 24 år gl. Dei 3 borna var Mikkel, 6 år, Kiersti, 4 år og Esten, 2 år gammal.

Gunder Estensen Uthuus iFrolen d. 13/4 1802, opplyser kyrkjeboka.

Beret Mikkelsd. som satt att med dei tre borna, har så fari frå plassen som vart nedlagt.

UTHUS austre (Skogan )
G. nr. 111.

Den gamle Uthus-garden vart delt i to gardar på 1600-talet som me har sett. Det var to brør, lffuer og Halffr. Østenssøner som i midten av 1650-åra bygsla kvar sitt spann av «fullgarden» Uthus, så frå den tid har Uthus vori to bruk.

Som første brukar på Uthus austre kan ein rekne Halffr som var

141