Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 142

den yngste av dei to. Han var 46 år i 1664 da det vart teki manntal. Broren var 60. Det er truleg at Halffr bygde den nye garden som kom til å omfate Hospitalsparten. Me hugsar at Hospitalet i Trondheim åtte 1 spann i Uthus og at det andre spannet høyrde til Kronens gods.

Den nye garden vart bygd like ved den gamle. Halffr dreiv garden til 1670-åra, men frå 1680 er det ført berre ein oppsittar på Uthus, og han har nok hatt bygsel på den vestre garden. Hospitalsgarden låg øyde ei tid og vart brukt mot avgift. Hospitalet har da og klaga over at dei ikkje hadde nokor inntekt av garden.

I 1701 var det kommi folk til gards att, og garden var da bygsla på vanlege vilkår. Manntalet fører berre mannspersonar, men ved hjelp av kyrkjeboka kan ein så nokonlunde rekonstruere huslyden.

Sjølmannen heitte Olle Simensen og var 43 år i 1701. Tre søner er ført i manntalet: Baroe Ols, 10 år, Siur 8 og Simen 6. I kyrkjeboka er ført 4 born til: Brynhild, f. 1699, Ole, f. 1701, Joen, f. 1704 og Mali, f. 1707. Kona til Olle Simensen heitte Ingeborg, og ei gammal kone, Brynhild Uthus, som døydde i 1700, 72 år gammal, var truleg mor til Olle Simensen.

Ole Simensen døydde i 1713, 54 år gammal, og kona, Ingeborg, døydde fem år etter, 56 år.

Den eldste av sønene vart verande på garden, dei to neste har og haldi til i Flora. Siur har vori med og skrivi under på ein søknad til Kongen om skattelette for Koparverket da det la ned arbeidet 1733. Medskrivarane var Halvor Mølnhus og Peder Barosen Hegset.

Simen Uthus var gift med Beret Olsdotter Berge og hadde 2 born:

Ole, f. 1721, d. som soldat 1746. Marit, f. 1725 d. 1727. Kona døydde i 1725. Truleg vart Simen gift att og budde på Simaplassen.

Sjå stykket om Simaplassen.

Den fjerde av gutane til Olle Simensen heitte Ole, og det er mog­leg at det var han som bygsla Uthus vestre i 1730.

Dottera, Brynhild vart gift i 1717 med ein innflytta gruvarbeidar, Jørgen Brefsmed. Seinare er han kalla rett og slett Jørgen smed. Dei budde på Uthus austre og hadde fleire born: Oluf 1717, Mali f. 1719, Ingebor, f. 1720. Eit barn, namn ikkje skrivi, er døypt 1723, Mali, f. 1727.

Da svenskane kom i 1718, skal veslebarnet til Jørgen, (Oluf) ha vorti lagt i knadetrauget og stukki opp på slinda - tverbjelken under loftsbjelkene - før soldatane storma inn i stugu.

Jørgen reiste til Vikvarvet, bygsla Jørngarden på Slind, som har namn etter han.

142