Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 154

Elias Skogan restaurerte stugu og sette opp ny låve. I 1945 da det vart oppretta telefonsentral i Flora, tok han den, og den har vori på Skogan sidan. I 1947 vart garden overdregen til eldste son, Jon E. Skogan.

Elias Skogan d. 1947, 60 år gl.

John E. Skogan vart g. 1953 m. Borgny Nilsen, Trondheim. Dei har 2 born: Eli og Hilde.

John E. Skogan bur i Trondheim, arbeider som mekanikar på maskin­verkstad. Gardsbruket er omlagt til sauhald og kornavl.

Mora, Ingeborg Pedersd. Skogan bur heime. Ho var på setra i mange somrar på Gardalen, og var den siste som setra der. 1960 var siste som­maren. Med markaforinga vart det slutt i midten av 50-åra.

SKOGAN ØVRE
G. nr. 111, br. nr. 6.

Skogan øvre ligg oppå Skogliene. Garden, som er bureisingsbruk vart utskild frå Uthus austre i 1933 som fortalt før. Noko av jorda var dyrka. Parsellen, som fekk ei skyld på 1,80 mark, vart overtatt av John J. Skogan.

John J. Skogan, f. 1889 vart g. 1924 m. Ane Tomasd. Hegset, Sol­bakken, f. 1888.

Dei har 3 born:


1. John Birger, f. 1924, landbrukssk., er heime.
2. Bjarne Teodor, f. 1927, ingeniør, Norsk Hydro, Porsgrunn, g. 1965 m. Irene Kaspersen, Vevelstad, 2 born: Joar og Rune.
3. Johan Alfred, f. 1930, sivilagronom, distrikts'sjef i Statens korn­forretning, Tønsberg, g. 1957 m. Hildur Johanne Leren, Lånke, 2 born: Jon Olav og Kjell Arne.

John Birger Skogan vart g. 1958 m. Jenny Haugen, Stemshaug, Nord­møre, f. 1924.

Born: Anne Audhild, f. 1959, Jorun Kristine, f. 1961, Berit Johanne, 1966.

154