Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 155


Skogan øvre.

HAUGEN

G. nr. 111, br. nr. 9.

Haugen ligg ved almannvegen vest for Uthus. Bruket som er på 17 mål vart bygsla som arvefeste i 1855, av ættfaren til dei som no bur der. Men plassen er eldre. Ja, Haugen har eigentleg vori to plas­sar: Haugen og Myra. Av dei var Haugen den eldste og tunet stod der garden er no. Myra vart bygsla seinare og husa på den plassen stod lenger vest.

Under manntalet i 1801 var det berre ein plass enda. Bygselmannen heitte Baro Olsen og var frå Uthus austre, eller Skogan. Men det har utan tvil budd folk der før Baro si tid og.

I omtalen av Uthus austre er nemnt ein husmann under garden som heitte Erich Henningsen. Kona hans var frå Uthus, og dei hadde plass under garden i 1762 og er ført i manntalet ein har frå den tid. Dei had­de fleire born, og sonen, Henning Eriksen budde på plassen til fram mot 1790. Faren var død for fleire år attende. Mora, Ingeborg Barosd. levde enda men fall frå i 1796, 62 år gl., «Ho var da på legd,» som viser at ho har mått gje opp plassen.

Nett ved denne tid kom Baro Olsen til Haugen. Han var og frå Ut­hus som kona til husmannen frå 1762.

155