Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 156

Baro Olsen var f. 1757 og g. 1795 m. Mette Hansd. Ås. Dei hadde 2 jenter, båe heitte Sigrid, og båe døydde for dei. I 1800 døydde mora, Mette Hansd. berre 39 år gammal.

I 1819 vart «Enkemand Baroe Olsen Udhuus i Frolen» gift att m. Brynhild Didriksd. Bakken, f. 1760. Dei hadde ikkje born. Baro Olsen d. i 1831 og Brynhild Didriksd. i 1838.

Da var plassen Myra bureist av ein annan Baro Olsen frå Skogan, og no, Haugen vart ledig, kom enda ein Baro, rett nok Baro Johnsen, men frå same gard, og til same plass.

Baro Johnsen, som var son til John O. Uthus, fekk arvefeste både på Haugen og Myra i 1855. Haugen tok han over to år seinare da faren gav frå seg garden. Myra skulle han ta over når plassen vart ledig. Inge­borg Ingebrigtsdotter, enkja etter Baro Myr'n, som hadde rett til plas­sen, døydde i 1867, men hadde gjevi opp plassen for fleire år sidan da, og var i forpleining hos Baro Johnsen.

Baro Johnsen, f. 1826 vart g. 1852 m. Brynhild Olsd. Flakne, f. 1827.

Dei hadde 7  born:

1. Ingeborg, f. 1852, g. m. Ole O. Moslet, bureiste plassen Stortrøa, Flaknan.
2. John, f. 1855, tok over plassen.
3. Ingeborg f. 1857, g. 1904 m. enkjemann Ole Haldosen Voldset, Selbu.
4. Beret, f. 1859, g. 1883 m. Kristen J. Evjetrøa, reiste til Madison, Minn. 3 born: Karen Berntine, Joseph Bernhard, Cora Belinda.
5. Brynhild, f. 1862, g. 1886 m. Bersvend Olsen Mogård (Bever Ol­sen), reiste til Minn., 1 son, Oscar.
6. Ole, f. 1864, g. 1900 m. Serine Olsd. Bakken, bureiste pl. Øvermo, Neset.
7. Mali, f. 1869, g. 1893 m. Arnt O. Tuset, kjøpte stugu på Stortrøa.

Ole Gundersen Uthus, f. 1880, son til Ingeborg d.y. voks opp på Haugen, flytta til Voldset, kjøpte garden av stefaren, g. m. Marie Kvelloaune, born: Even, Magna og Bjarne.

I 1865 var dei 9 personar i huslyden på Haugen. Attåt sjølvfolka og borna budde da Ingeborg Ingebrigtsdotter, Myrabesta dei kalla hos dei.

Levemåten var 3 naut, og 5 sauer og eit åkerland på 3/4 tynne korn og 2 tynner potet i utsåd. Det var åker på heile stykket mellom gam-

156