Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 157

malvegen og nyvegen og ein åker oppå jordet, og desse vart brukte heile tida så lenge John Haugen dreiv plassen også. Her var nok det gamle åkerbruket i bruk lengst i Flora. Det var ikkje anna skifte enn mellom potet og korn, og ber­re på stykket neda vegen.

Husa var gamle, kanskje frå bu­reisaren si tid. Stugu hadde jamvel sjåvindu på eit rom, kammerset. Ellest var stugu som vanleg med gang, rettstugu og kammers, og loft med vindu på endeveggen. Det var loftsluke inne i stugu, og stigen stod ved sengenden.

Med så stor ein barnhop som Baro og Brynhild hadde, vart det sjølsagt både slitsomt og trongt mang ein gong, men dei streva så godt dei kunne, og teljinga i 1875 viser at både krøterhald og avling hadde auka: 4 naut og 16 småfe og 3 t. potet i utsåd.

Baro Johnsen Uthus d. i 1900, 74 år gammal. Brynhild Olsdotter vart 97 år. Ho døydde i 1924.

Brynhild var ei lita men kraftig kvinne. Ho var fast fødselshjelp, «løsmo» i bygda og hadde nok teki mot dei fleste i grenda da ho døydde.

Brynhild og Baro J. Uthus.

John Barosen Uthus vart g. 1887 m. Gunhild Nilsd. Tuset, f. 1855.

Det var 4 born:

  1. Nils, f. 1885, dreiv anleggsarb., kjøpte Havdal i Lånke, g. m. Anne Løvås, Langstein, born: John, Gustav, Magnar, Mali, Olav, Norun, Nils og Egil.
  2. Brynhild, f. 1888, g. m. Ole O. Hegset, tok over plassen.
  3. Ane, f. 1890, g. 1915 i Amerika m. Ole O. Rolset, Libby Mont., 7 born: Odin, Hilda, Gladys, Borghild, Jenny, Albert, Thelma. Alle gift.
  4. Bardo. f. 1893. d. 1919.

John Barosen var ein hendt og iherdig arbeidskar med god innsikt. Han var tømrar, og sette opp både ny stugu og nytt fjøs heime, fjø-

157