Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 158

set etter at Bardo vart vaksen. John var jeger og skaut mange stor­fuglar. Han var spelemann, spela fele i over 40 brøllopp i Flora.

John Barosen d. i 1933. Kona, Gunhild Nilsdotter d. i 1911, 56 år.

Ole. O. Hegset, f. 1879 vart g. 1921 m. Brynhild J. Uthus. Dei hadde 3 born:


1.
Gudrun, f. 1922, g. 1955 m. Edvin Bråttvik, Tingvoll, eige hus på Sundalsøra, born: Inger Bodil, Tor Olav.
2. John, f. 1925, har teki over bruket.
3. Borghild, f. 1933, g. m. vegvoktar Einar Uthus, villa i Flora.

Alle borna tok namn etter heimgarden og skreiv seg for Haugen.

Faren, Ola Haugen, som han vart kalla til kvardags, var frå Hegset­ Brautan, son til Ole P. og Brynhild O. Hegset. Han var i Amerika ei tid, i Libby, Mont.

Ole O. Hegset, d. i 1944, 65 år gl.

I 1953 kjøpte Brynhild Johnsdotter plassen som fekk namnet Hau­gen og bruksnr. 9. I 1962 overlet ho bruket til sonen John Haugen.

MYRA
Nedl. plass

Myra eller Myra-plassen låg like vest for Haugen. Jordvegen er lagt til dette bruket. Namnet kjem av at det er myr der plassen var.

Plassen vart bygsla kring 1810 av Baro Olsen Uthus frå Uthus austre.

Baro Olsen, f. 1785 vart g. 1809 m. Ingeborg Ingebrigtsdotter Ses­seng Brurok, dotter til klokkar Brurok, Selbu, f. 1786.

Dei hadde 3 born: Sigrid, Ingebrigt og Guri.

1. Sigrid, f. 1810 vart g. 1832 m. Ole Tomassen Grøtem, vart enkje og g. att i 1835 m. John Johnsen Lien. I første ekteskap ei dot­ter, Marit, d. som barn. John og Sigrid hadde 5 born: Sofie, g. m. Halvor Berge på Hoem, John tok over garden, Ole og Ingeborg d. som born og Ingeborg, f. 1851, g. m. John Bjørnsen Berge.
2. Ingebrigt, f. 1818, budde heime.

158