Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 160

BAKKEN
G. nr. 111, br. nr. 7.

Bakken ligg oppfor Haugen. Bruket vart bureist som h.m.plass først på 1870-åra av Petter Pettersen Næs. Han hadde kona si frå Uthus austre og fekk jord til plass åt seg mellom bekkene her, 15-16 mål. Kontrakten er skriven i 1876, men Petter hadde bygd hus og flytta inn alt i 1875, og skreiv seg for Uthus da manntalet vart haldi. Det var smått med buskapen enda, berre 2 sauer, men Petter hadde rudd åker­land til ½ tynne korn og 3 tynner potet.

Petter Pettersen var f. 1843 og g. 1872 m. Ingeborg Olsd. Uthus, f. 1848.

Dei hadde 8 born:

  1. Peder Olaf, f. 1872, ein tur til Amerika, var sidan i Mostamarka, og vart gift m. Gunhild-Marta Venn. Dei bureiste småbruket Molund som dei tok namn etter. Dei hadde 12 born: Oskar, Ida, Alma, Il­mar, Karen Margit, Peder, John, Gunda, Arnold, Sigvart og Kåre.
  2. John, f. 1874, tok over plassen.
  3. Kari, f. 1876, g. 1908 m. Johannes T. Tuset, flytta til Skogn, 1 son, Torstein.
  4. Ole, f. 1878, g. 1916 m. Ragnhild G. Haugan, kjøpte småbruket Sandmo.
  5. Marit, f. 1880, reiste til Amerika i 1906, g., fl. born.
  6. Imil, f. 1883, omkom ved ulykkestilfelle på gruva 1903.
  7. John, f. 1886, g. 1909 m. Ingeborg O. Flakne, kjøpte Gullbrekken i Hilmo og tok dette namnet, 4 søner: Petter, Ole, Ivar og John.
  8. Serine, f. 1889, g. 1912 m. John Knutsen Ørås, reiste til Libby, Mont. 3 søner: Karl, Palmer og Melvin.

Petter Bakken, som han vart kalla i dagleg tale, var stuttvokst, men velbygd og kraftig, var munter til sinns og hadde eit ubryteleg mot. Kona var og kraftig, men vart ikkje gammal, berre 44 år, så Petter vart tidleg åleine med barneflokken, og det galdt om å nytte alle høve for å få tak i skillingen, og folk var ikkje nøye på umaken i den tida. Ein av sønene har fortalt at han var med far sin og braut ut ljåhei­nar i Hilmolia ein vår. Dei bar heinene i striesekker til Næss-setra. Derifrå kløvja faren heinene over fjellet til Nord-aune, lånte vogn, køyrde til Eidet i Ålen og selde dei der.

Petter hadde hest mest heile tida, og dreiv mykje med køyring.

160