Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 162

ULSET
Gr. nr. 111, br. nr. 8.

Ulset er ei villatomt, oppfor småbr. Haugen. Ole A. Uthus kjøpte tomta og sette opp stugu her i 1930, og flytta hit med mor si, Mali Barosdotter Uthus og søstera Anna Marie Uthus. Før budde dei på Stortrøa. Stugu dei hadde der vart revi.

Mali Uthus låg i mange år i leddgikt. Ho døydde i 1931, 62 år gammal. Mali, som vart enkje da borna var små, ernærte seg med hand­arbeid og tilfeldig arbeid, var raksterjente om somrane, skar åker og dreiv flatbrødbaking, spann og strikka. Selbu-vottane hennar var namn­spurte.

Ole Uthus, f. 1893 var og helselaus da dei flytta. Han hadde vori anleggsarbeidar og hadde fått tuberkulose. Han stod over sjukdomen, men vann ikkje att helsa. Han d. i 1967, 74 år gammal.

Anna Uthus, f. 1900, drog som vaksi ut på arbeid, men kom heim da mora vart sjuk. Sidan har ho stelt for broren. Ho har og same hand­laget som mor si og driv selbustrikking.

BAKKEN
(Kong-Pe-rommet) Nedl. plass

Denne plassen låg eit stykke nedanfor Skogan øvre. Plassen vart bu­reist i slutten av 1880 av Peder P. Punde, Kong-Peen, dei kalla.

Peder var fødd på Punde 1826 og vart g. 1866 m. Mali Pedersd. Uthusplassen, f. 1833. Dei losjerte i Flora heile tida til dei flytta til Bakken. Dei var ikkje så nøye på husværa i den tida. Peder og Mali losjerte i mange år i seterskjølet på Hegsetbrauta. Dei hadde ikkje krø­ter anna enn hest der. Hest hadde Peder heile tida til han flytta til Bakken. Der nøyde dei seg med ku og eit par sauer. Da han var på Hegsetbrauta fora han på Rotldalen. Peder var kvernarbeidar og dreiv køyring. Han braut ut ljåheinar i «Heinberget» og selde på St. Hansmarknaden, stod dagen igjennom og fallbaud «straksteinane» sine sem vart selde for 30-40 øyre stykket. Her gjekk han under nam­net Hein-Peen. Andre tilnamnet var arv etter faren som dei kalla Kon-

162