Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 163

gen. Dei var 18 søsken som hadde fått dåp og kristendom, fortalde Peder.

Peder P. Punde la ikkje om kledrakta og gammalmoten. Gjekk i stutt­kofte og topphuve og hadde langt hår som skjulte ansiktet.

Peder P. Punde d. i 1910, 83 år. Mali, kona, d. året før, 76 år gl.

SIMAPLASSEN
Nedl. plass

Simaplassen eller Uthusvollen som han og kallest, var korkje seter­voll eller plass kan ein mest seie. Plassen ligg vest for Melan, og høy­rer til Uthus vestre og er dyrka. I gammal tid har truleg båe gardane vori saman om Simaplassen. I 1730-åra har ein Simen Olsen frå Uthus austre sett seg ned her, men busettinga vart ikkje lang, berre 4-5 år så flytta han frå att. Det vart så setra eit par år av Uthus-mennene. Sida har det korkje vori setra eller vori nokor busetting her. I 1738 og 1750 var det tvist med Neset som hadde reksterveg her da Uthus-men­nene gjerda inn vollen.

Om Simen Olsen er det fortalt under omtalen av Uthus austre.

TUSET
Den gamle gard

Tuset som no er to gardar ligg aust for Uthus. Gardane ligg tett ved kvarandre og like ved allmannvegen.

Som grannegardane Uthus har Tuset og utmark på båe sider av Nea, og den lengst bortliggjande utmarka som Tuset hadde i teig skifte med Uthus, rakk til tverelva Rotla i nord og til fjells i sør. Den næraste utmarka på nordre side ligg langs Brynnåa som renn i Nea ved Tuset, og grensar mot Uthus i vest og mot Bjørken i aust. Den næraste utmarka på sørsida grensar og mot Uthus i vest. Mot aust grensar utmarka mot Neset, og der er det merkesbekk, Fjoromsbekken eller Sagbekken, som han kallest nedi dalen. Her låg Åsvoll-setrane som vart brukt til vår-

163