Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 164

og haustsetring. Båe desse utmarkstykka har vori delt og så underleg det enn høyrest, så har den austre garden dei vestre remma og omvendt.

Ved utskiftinga 1901 vart hopehavet med Uthus utskifta, og Tuset fekk da alt setervald ved Rotla, austre garden fekk den gamle vår­setra Grossvollen, og den vestre garden ei anna - seter nærare Rotla.

På Gardalen, sør for Usma der Uthus og Tuset frå gammalt hadde hatt sommarsetring, fekk Tuset-gardane kvar sitt mindre stykke vest for Garåa.

Utanom denne utmarka som må reknast som samanhangande, har Tuset-gardane hatt kvar sitt stykke av elvbjørga nord for Usmosen, som har vori brukt til geitsetring om vårane. Tuset austre åtte Driv­vollen, og Tuset vestre åtte Langsetenget. Drivvollen og halvparten av Langsetenget vart bureist på attenhundreåret.

Etter det dei lærde meiner, er Tuset ein av dei eldste gardane i Flora. Busetjinga av gardar som endar på -set skal gå attende til yngre jarnalder (800-1000 e. Kr.) meiner dei.

I N. G. sett O. Rygh gardsnamnet i samband med det gammalnorske ordet tufa (tuve) «i Ordets Brug om Høider og Fjelde». Etter det skulle garden frå først av ha stått oppå liene som ikkje er så umoge­leg. Ein viser ellest til avsnittet om Eldste garden. Men om garden er flytta ein gong i tida, har han nok mange hundre år på seg der han står, og tufta har ikkje brigda seg så reint lite sidan dei første husa vart tufta. Jordskre og sig frå liene ovafor og sand og slam etter storfloer i elva, har frå kvar si lei hjelpt til å auke jordsmonnet, så kulturlaget er 70-80 cm djupt. Lengst nede ligg her som på Flaknan eit brannlag, her 5-6 cm tjukt. Det rekk over heile vestre gardstufta og til midten på den austre. Lendet hallar unna her, og brannlaget er her dekt av eit lag kvikksand som elva har lagt att.

Å tidfeste brannen blir sjølvsagt berre gjetting, men det ligg nær å tenkje på sjuårskrigen 1563-70 eller straffetoktet til general Carl Sparre ned i Tydalen i 1678, da han brende denne bygda til og med Aune, 13 gardar i alt, 6 i Ås, 5 i Østby, og Lauvøya og Aune. Etter segna var han ned til Rolset der han laut snu for norske styrker, og skal ha brent gardar i Flora og.

Når det gjeld sandlaget som dekker brandlaget på det lågaste, så kan det skriva seg frå 1689. Det var ualminneleg stor flom dette året med stygge elvbrot.

Tuset i Frolen er nemnt i Aslak Bolts jordebok. Der er gardsnamnet skrivi Thufuasætre, og det er denne skrivemåten som ligg til grunn for namnetolkinga.

164