Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 166

Kronens part, som og var delt likt på bruka, gjekk ved det store gardsalet i 1660-åra over til Christopher Caspersen og følgde sidan Schøller-huset og arvingar til gardane vart kjøpt av oppsittarane i 1828.

Som første oppsittar ein støyter på i dei skriftlege kjelder, kjem Jon i Twesetter, som etter skattemanntalet for Trondh. erkebispedøme 1520 skulle betala 6 skilling i skatt. Etter han kjem Jogenn paa Tu­setthern (1548-49). Skipsskatten, 1557-59 har ein og Jonn Tue­setter med dalaren som var lik for alle i denne skatteutreidsla. Ein kan vel gå ut frå at dei tre Jon-ane er same person. To tenestedrenger, Anders og Erich på Tuset er ført i siste skatteregister.

Går me så fram til 1590, finn me ein Oluf Tusetter som oppsittar, og to år etter Encken Tusett, båe med ½ dalar i tredjetage, ei avgift jordrottane hadde fått godkjent. På same tid er ein Endre Tusset, tru­leg ein tenestkar, ilagt ½ dalar i mulkt for eitt Øxehamirslag.

Encken var siste oppsittar på den udelte garden, for neste gong ein støyter på garden, i skattelistene i 1611, er han delt. Dei to brukarane heiter Jon og Esten. I 1632 er Esten avløyst av Niels Tuset. Gardpar­tane var like store, men i rekneskapen for 1640, blir Niels kalla for ødegardsmann, medan Jon står oppført som fullgardsmann. Av det kan ein kanskje slutte at Jon sin gard er den opphavlege, og at Niels sin er den nybygde. Av rekkefølgja gardane er nemnde i, går det fram at Jon sin gard var den vestre. Den vestre garden skulle etter det vera den eldste av dei to.

I Koppskatten 1646 har Enchen teki over etter Niels og driv gar­den med hjelp av 3 søner og 2 tenestjenter. Jon Tuset sitt den same på sitt bruk med hustru og 1 tenestjente utan søner og døtter.

Følgjer me så gardane lenger framover til kvegskatten, 1657, så har me framleis Jon på sitt bruk med 1 hest, 12 kyr og kviger, 7 geiter og 5 sauer. På den andre garden residerte da ein Ener Tuset. Og han hadde 2 hestar, 12 kyr og kviger, 7 geiter og 8 sauer.

Ved manntala 1664-66 sitt enda J on på sin gardpart. Hans fulle namn er Joen Olsen, og ein blir ikkje forundra om alderen er ført med talet 90. I manntalet for siste året er alderen minka litt til 80 år. I dette manntalet er det oppført fire søner: Østen, Oluf, Jens og Joen, - alle Joenssøner og i alderen 26 til 16 år. Dei var truleg sønesøner til gubben. Far deira har vel falli frå.

Ener Tuset hadde hjelp av 2 tenestkarar: Joen, 54 år og Gunder Joensen, 46 år. Ein son av Ener finst og: Joen Einarson, 10 år gl. Ener Tuset var 50-55 år. I jordboka for 1668 sit framleis Jon og Ener som oppsittarar på gardane.

166