Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 167

Den gamle ledingen på Tuset var på 8 mark smør og ½  pund mjøl. I 1650 er ledingen ført med 2 ½ dalar, i 1661 1 ½ dalar på kvart av bruka. I 1668 er bruka ført under eitt med berre ½ dalar i leding sa­manlagt.

Andre utreidsler er skatt for engslætte, som er ført med 8 skilling på kvart bruk. Kvernskatt har det derimot vori berre på Jon sitt bruk. ført med 6 skilling som fortel at han åtte halvdel i bekkvern. Tien­den var og ei fast utreidsle og er i 1668 ført med 1 tynne bygg og 2 tynner havre samla for bruka. I 1684 var tienden på vestre garden 3 skjepper bygg, 1 tynne 1 skjeppe havre, og på austre garden 2 ½  skjeppe bygg 1 tynne havre.

Da er det nye brukarar på gardane. Østen Joensen har bytta med gamle Joen, og broren, Jens Joensen har bytta med Ener. Desse to driv no gardane til fram mot hundreårsskiftet.

I 1701 er gardane slegne i hop og brukes under eitt, står det. Opp­sittaren heitte Erich Joensen og var 40 år gammaL Han har ikkje andre karfolk med seg enn to gutar: Esten og Bersvend Jenssøner, 10 og 7 år gamle.

Namnet på den nye oppsittaren dukkar opp alt 1695 som brukar på Tuset ved sida av Jens, Erich har frå først av stigi inn i rommet etter Østen Tuset, og har kanskje teki over enkja etter han og. Kona til Erich var 17 år eldre enn mannen sin, så Erich kan ha kommi til gards som tenestkar og vorti gift med enkja. Korkje Østen eller Jens vart gamle menn. Østen hadde ikkje arvingar det ein kan sjå, men etter Jens veit ein i alle høve at han hadde ein son, Jon Jensen. Han fekk bygsel på Uthus vestre og er omtale under den garden. Det er og mogeleg at dei to tenestgutane hos Erich Tuset var sønene til Jens. Stadnamnet Jenskammen er sikkert eit minne om Jens Tuset. Det har vori åker oppi dei to brattkammane oppfor gardane. Åkerreinene er enno synlege. I Jenskammen som er den austre, har sikkert Jens hatt si åkerreit. Kanskje han har fari ei eller anna skeivferd oppe i den bratte kammen og såleis fått festa namnet sitt til han.

Så tilbake til Erich. Kona hans heitte Beret. Dei hadde ei dotter. Ho heitte Kari. Ho var fødd kring 1685 og vart gift i 1715 med Gun­der Jonsen Bierchen. Ei skatteliste frå 1711 fører 5 personar på Tuset:

Erich, hans hustru, fader og moder og 1 tøs, som heitte Kiersten. Løna hennar var 2 dalar 2 ort og skatten 1 ort og 16 skilling. Schoe­skatten som var ein ekstraskatt pr. hovud, utgjorde 1 ort og 16 skil­ling.

I 1718 vart garden gjesta av Armfeldts karoliner, og hos Erich har

167