Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 168

dei øydelagt og fare med krøtter og varer for i alt 189 ½ riksdalar. Tapslista ser slik ut:

Brent bordkledning og skigard 15 « «
3 tynner bygg 6 3 «
5 t. i halmen 11
2 «
35 t. havre 52
2 «
28 lass halm 14
« «
56 lass høy 28
« «
12 stykker småfe 6
« «
Gardsreidskap 11
2 «
Seng - og gangklede 29
« «
2 båtar sund slegne 6
« «
Matvarer 9
2 «
Tilsaman 189 2 «

Av tapslista ser me at Erich har greidd å gjømme kyrne og hestane.

Etter segner nedksrevne av lærar J. P. Sand skal svenskane ha teki med kona som han kallar Brynhild, og som laut følgje som underpant under marsjen over grensefjella, men både ho og ei kone frå Østby vart gjevi fri da stormen ikkje gav seg. Kona må ha vori Kari Erichsdotter.

Prøvematrikkelen i 1723 gjev opp høyavlinga på Tuset til 60 lass og krøtterhaldet til 2 hestar, 6 kyr, 3 ungnaut, 3 sauer og 4 geiter. Ut­sådet er oppgjevi til 1 tynne bygg og 5 tynner havre. Det var Gunder som hadde bygsel på garden da matrikkelen vart teken. Svigermora, Berit, døydde i 1717, 78 år gammal. Erich døydde i 1737, 81 år.

Gunder og Kari hadde berre 1 barn, ei jente, Beret, f. 1725. Gunder Jonsen døydde i 1741, 61 år gammal. Under arveskiftet vart alt som høyrde buet til seld på auksjon, og enkja kjøpte att alt saman. Auk­sjonspengane kom opp i nær 85 riksdalar. Hertil kom pengar buet hadde til gode, så sluttsummen nådde 114 dalar. Da skuld og kost­nader var dregne frå, stod det att nær 69 dalar til deling.

For å gje ein gløtt av tilhøva på ein bondegard i Flora i den tida skal ein her rekne opp litt av det som gjekk under hammaren. Først krøttera: 2 hestar, 9 naut, 16 geiter og 7 sauer. Buet åtte 2 leigkyr og, båe hos Thomas Qvelle. Det var langt unna, så verda var ikkje stor i den tida heller. Dei var ikkje næraste grannar debitorane heller. Både lens-

168