Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 169

mannen i Tydalen og mannen i Renåen er mellom dei. Båe to heitte Jon Bjørnsen, lensmannen med Ås til etternamn.

Kreditorane er for det meste tenarar som har til gode på løn. Ein Peder Pedersen hadde 9 dalar til gode i løn for eitt år, og 1 dalar for ei tynne sild, og Ole Pedersen hadde til gode 6 dalar for 1/2 år på gruva, og Ranni Christensdotter 5 dalar i løn for siste året.

Frå stugu vart det seld matskåp, kråskåp og ferdaskrin, koparkjel på 1 ½ tynne, gryter, steikepanne og vaffeljarn. Av reidskap er m.a. opprekna plog med jarnristel, horv med jarntindar, slede med jarnsten­ger, 2 par skjæker med jarndrottar, arbeidsboggreie med lintømmar og jarnbeisel, alt saman vitnemål om at «jarnalderen» var på innmarsj.

Av gangklede etter Gunder er opprekna 1 grå vadmelsjakke, 1 kvit vadmelskufte, og 1 skinntrøye, alle tre plagg med hekter. Her er og nemnt 2 skinnbukser, den eine av geitskinn, den andre av bukkeskinn.

Av sengklede: 1 forlodden sauskinnsfeld med Væst-Kytt åklede, 1 stemningsskinnfeld, 1 reinsskinn og ei randet hovuddyne med fjør.

Baro Uthus var laverje for enkja, Halvor Bjørken møtte for dottera, Povel Flachne og Ole Uthus var vurderingsmenn, og lensmann Thomas Halvorsen Mølnhus stod føre det heile.

Dotter til Gunder var 16 år da faren døydde, og me får ikkje høyre meir om henne. Garden vert no delt att, og nye folk tek over. Tenest­drengen Ole Pedersen, som er nemnt ovafor, fekk bygsel på den austre gardparten, og ein Ole Joensen tek over drifta på den vestre, der både Erich og Gunder truleg hadde budd, for enkja, Kari Erichsdotter budde hos Ole Joensen. Kari Erichsdotter vart 80 år gammal. Ho døydde i 1764.

Det har nok budd fleire på Tuset i denne tida enn dei som er nemnt. Ei gruvstugu og ein husmannsfamilie vil bli omtale seinare, men her var tenestfolk og inderstar på garden som vart skrivne for Tuset, og ein finn desse namna i kyrkjeboka:

Siur Jonsen Tuset, soldat, gravlagt 1702.
Malene Tuset, trulova med Torkel Aftret, 1711.
Marit Tuset, trulova med Torsten Rolset, 1712.
Kirsti og Jens Tuset, faddrar, 1723.
Ole Jonsen Tuset, trulova med Beret Estensdotter, 1735.
Birgitte, Ole T's barn, døypt 1736.

Med dette blir avsnittet om Den gamle gard avslutta, og dei to Tuset-gardane, som sidan har vori skilde, vil bli omtala kvar for seg.

169