Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 170

TUSET vestre (Nordigar'n)
G. nr. 112.

Me hugsar at Tuset vart delt i to bruk att i 1740-åra etter å ha vori drivi under eitt i nær 50 år. Dei to bruka vart kalla Nordigam og Ustigarn i dagleg tale. Gardane ligg tett saman med Nordigarn vest for den andre. Dei nye brukarane heitte Ole båe, Ole Joensen på Nordigarda og Ole Pedersen på Ustigarda. Det er truleg det stod hus på båe tuna frå den førre garddelinga, men det ser ut som det har vori vestre tunet som vart brukt av Gunder Joensen og føremannen hans, for enkja etter Gunder budde på vestre garden etter delinga og var i hushald med den nye brukaren.

Dei nye brukarane er ført i matri,kkelen for 1746, men har nok teki over drifta før, truleg i 1742. I manntalet frå 1762 er gardane ført kvar for seg.

Kona til Ole Joensen heitte Marit Sivertsdotter. Dei hadde 4 born: Joen, Siver, Gunder og Marit. Alle var vaksne.

Ein inderst, Joen Hansen budde hos dei, og 2 gammalfolk: Kari Eriksd., enkja etter Gunder Joensen, «gammel og fattig», står det. Den andre heitte Kari Pedersd., gammal og fattig, ho og. Kari Eriksd. d. i 1764, 80 år gl. Kari Pedersd. d. i 1766, 67 år gl.

Ein av sønene, Siver eller Sjur, som namnet og er skrivi, vart g. i 1765 m. Ølegård Pedersd. Ho tente på Hegset i 1762. Sjur og Ølegård budde på plassen Hågå under Uthus vestre og er omtale der. Eldste son var truleg same person som ein Joen Olsen d. ug. i 1785, 49 år. Gunder og Marit veit ein ikkje meir om.

Det stod ei gruvstugu på Tuset vestre i Ole si tid. Ho stod truleg oppå liene. I 1745 budde ein Peder Pedersen der. Han døydde dette året og ein Ole Siursen flytta inn med kona, Marit Haldosd. Dei hadde 3 born: Kari, 1746. Siur, d. 1749. Beret, 1750.

Ole Siursen d. i 1757, 48 år gl. Året etter vart Marit gift att m. ein Joen Petersen og hadde 3 born m. han og: Gulla, 1759. Haldor, 1761 og Ole, d. 1765.

Alle desse var gruvarbeidarar, og dei har ått stugu sjølv, er det likt til, og alt i Ole Sjursen si tid er det hefta gjeld på stugu, til Baro Pe­dersen Hegset som vart slik ein mektig mann i gruv-tida. Da Joen Petersen i 1766 reiste i frå Flora, var gjelda komi opp i 12 rdlr. og vart oppgjort ved at fordringshavaren tok over «hans stugu, seng og bord», rett nok verdsett berre til 11 Rd 2 ort 12 sk.

170