Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 171


Skei og brennevinstomme av sølv, myntar og klokke.

Ole Joensen og Marit Sivertsd. dreiv Tuset kring 20 år. Ole d. i 1770, 67 år gammal. Han hadde da flytta frå garden og budde truleg i stugu etter Joen Petersen. Han hadde eit jordstykke og «Ol-Jons­ækra» som ligg øvst i liene.

Ein veit ikkje kvifor Ole gav opp garden. Det er mogeleg han ikkje greidde å halde på han lenger, men det kan og tenkjast at Ole Joen­sen hadde drivi garden på bygselen til Kari Eriksd. og ikkje fått ny bygsel da ho døydde. Nok om det. Det kom nytt folk på garden, og det var ikkje med blide auge at Marit Sivertsd. såg nykjerringa på gar­den.

Ein gong dei treftest, ville nykona på garden vita kva Marit gav borna sine (truleg barnebarn) når dei var så raulette og friske. «Det skal eg fortelje deg,» svara Marit, «borna mine fostres betre tå vass­koppa dei, enn dine gjer tå rømskåln.»

Ole Joensen og Marit hadde nok sett betre tider. Ei sølvskei frå den tid som finst framleis på Tuset, vitnar i alle høve om god råd.

Den nye bygselmannen på Tuset vestre heitte Knut Knutsen og var frå Bakken. Kona heitte Ingeborg Eriksdotter. Mor hennar skal etter segna ha seti og losjert på Langsmoen og Erik Jocumsen Ørås skal ha vori far til Ingeborg. Knut og Ingeborg vart g. i 1761 og hadde 2 born:

171