Hjem Bumerke

Burmerke

Side 342

Bumerke

Bumerka var eigarmerka som folk før i tida brukte å skjera eller svi inn i allslags reidskap og koppar og kar av tre. Ting av jarn ellet anna metall merkte dei med stemplar eller med meislar.

Bumerket høyrde garden til og vart brukt mann etter mann, om det kom nytt folk til gards og. I gammal tid vart bumerket brukt i under­skrift på dokument.

Bumerka tok til å gå or bruk på førre hundreåret, men her i dalføret var bumerka jamnt over i bruk enda etter hundreårsskiftet og.

Dei gamle bumerka hadde rette liner og var lette å skjera i tre som runeteikna. I bumerke som er kommi i bruk seinare, finn ein ofte bøygde liner. Frå midten av førre hundreåret tok bokstavmerke til å koma i bruk og trengde unna dei gamle merka som da lett gjekk or minne og. Det var tilfelle for fleire gardar i Flora. For Bakken veit ein ikkje om anna bumerke enn det som er oppført her. For Tuset austre veit ein heller ikkje om anna bumerke enn bokstavane O T med T-en skrivi inni O-en. På Hegset gjekk og det gamle bumerket or bruk for bokstavmerka HP og HB, bokstavane skrevne saman. Det gamle bumerket, som skulle likne eit tre, er i medan funni på eit par gamle ting og er attgjevi her, og har tre greiner. På ting frå Hegset øvre, no på bygdemuseet, er same bumerket å finne, men her med ei fjerde grein merkt med eit lite hakk, som ein ser, sikkert sett til for å skilje bumerket frå hovudbruket sitt. Det var ikkje uvanleg at hus­mannen brukte merket til hovudbruket. Ein ser det same for Uthus­plassen og Myra som var plassar under Uthus vestre og austre.

Bumerket for Ørås er frå Jocum Erichsen si tid og er funni på dokument. Bumerket for Langsmoen har både gjennom bruk og tradi­sjon haldi seg den lange tida sidan garden vart lagt øyde og vori brukt som avlsgard. Bumerket for Sørflakne er funni på gamle ting på gar­den, og må ha vori i bruk om her ikkje finst nokon tradisjon om det lenger.

342