Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 43

han vart liggjande. No såg John at snuten på bjørnen peika til vers. Han hadde nok slegi av øverkjeven på bjørnen. Dette gav og forkla­ringa på at det var liv i han Knut enno. Med avbroten kjeve var det lite bjørnen greidde å bite. Knut hadde og fått godt tak i øyrstalane på bjørnen, og det hadde nok og gjort sitt.

Karane oppe i bjørga som hadde høyrd skriket og kaukinga kom no springande. Knut var så utasa at det var mest ikkje pust att i han. Stygge sår hadde han og etter bjørnetennene, både i brystet og i eine overarmen. Han vart no dregen fram på Aunet (Sørflakne ), og køyrd heim. Bjørnen var dau. Han hadde truva hovudet under ei flurtelle i elvmelen før han seig ned.

Med Knut var det så ille som det kunne bli. Han vart liggjande veke etter veke utan at såra ville gro. Folk hadde ellest ikkje stor tru for at Knut ville berge heller, for bjørnbett skulle ikkje gro anten det var på folk eller fe, heitte det. Men da jongdølene kom på si årvisse ferd nedover dalen til byen, vart det råd for han Knut og. Dei visste om smurning som kunne grøde bjørnbett, og da dei fekk tak i den frå apo­teket, grodde såra hans Knut og han kom på føtene og vart kar att.

Han som slo ihel bjørnen, miste visst all lyst på bjørnejakt, for han var aldri med meir, men broren, han Ola vart med på mange bjørn­jakter, både dramatiske og til å le åt.

Ein finn hadde funni eit bjørnehi ein gong, og hadde fått med seg Ola og ein til. Finnen hadde børse han og. «Men jag tok til å dildra, jag,» fortalde han etterpå. Det skulle ellest ikkje vera noko vakkert syn når bjørnen kom setjande or vinterlega si. Snøspruten stod som ein foss unna han, er det fortalt.

Ein gong vart både Ola og lagskameraten hans snytte for jakta. Man­nen som hadde tinga dei, skaut i snøhaugen straks det tok til å sprute unna bjørnen, og alt vart blikkande stilt. Kula hadde råka, og bjørnen var drepen. Dei to skyttarane stod der med skotta i børsene og tykte dei måtte seie eitkvart, og så kom det frå Ola: «Å, eg ville no ha sett hovudet før eg hadde skoti.» «Eg ville ha sett halve sida og, eg,» svara den andre.

Dei gjorde gode pengar dei som kvervde hi og tok bjørn. Men var det mange å dela på, vart ikkje fangsten så stor likevel.

Ein gong hadde Ola kvervd bjørn sjølv på heimmarka, og den tok han utan anna hjelp enn frå dei to gutane sine, den eine 15 år og den andre berre 12.

43