Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 279

 

 

Evsjø med Myrvoll i forgrunnen.

  1. Gerd Halfrid, f. 1937, g. 1962 m. Leif Lund. Dei har eigen villa i Buvik. 1 barn: Bjørn.
  2. Aud Elin, f. 1948 g. 1970 m. Kåre Steinar Skare, Ålesund. Bur i Oslo.
  3. Per Magnar, f. 1950.

Evsjø er no ein gard på 50-60 mål jord som før 5-6 naut og 7-8 småfe. Nervik starta opp med hest og dreiv skogskøyring første åra han var her. Han har og vori med på anleggsarbeid. Han er tømmer­fløtar, har vori fløtarbas i Nea kvart år sidan han kom til Flora.

Odd og Ragnhild budde heime i fleire år. Dei har 3 born: Randi Oddveig, f. 1961, Per Morten, f. 1962 og Ove Ragnar, f. 1966.

Odd Nervik har sett opp kalkmølne i lag med Kristian Lindset. Han har kjøpt utstyr for grøfting og planering og driv med det arbeidet. Han har no flytta ut frå grenda og bur på Klegset der han har kjøpt ein villa.

279