Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 305

ringa i 1948 og var dei første i grenda som braut med den eldgamle tradisjonen.

Gunnar Næss har vori poståpnar frå 1939. Han har hatt fleire til­litsverv.

«Næssmark Trekull» var eit tjørebrenneri som var i drift under kri­gen. Fabrikken stod i Sagbekken på den gamle sagtomta. Den vart oppsett hausten 1943 av Ragnar Næss. Den stod ferdig etter ½ års byg­gjetid. Men eit tjørebrenneri er brennbare saker, iser i dette tilfelle der gassen vart ført inn under kjelen og brukt som fyringsved. Fabrikken brann ned berre kort tid etter at han kom i gang, men vart oppsett att, og stod ferdig til påske. Fabrikken gjekk med rundfyring med 3 mann delt på 3 skift. Det vart brent av fleire slag ved: furu, bjørk og gran. Attåt tjøra fekk dei fin trekol.

Fabrikken gjekk i 1 ½ år med opphald berte midt på sommaren. Ut på hausten 1945 vart det stans, mykje for di det var vanskeleg å få tak i arbeidshjelp, da arbeidet ikkje var serleg ettertrakta grunna alt støvet.

ENBAKKEN
G. nr. 116, br. nr. 5.

Enbakken ligg aust for Neset. Eigedomen var frå først av hus­mannsplass under Neset og vart bureist alt i 1750-åra. Bureisingsfolka var Peder Knutsen Bakken, f. 1724, g. 1753 m. Beret Tørresdotter Ne­set, f. 1726. Dei hadde 4 born: Beret, f. 1754, Tørris, f. 1760, Knut, f. 1765 d. 1766 og Knut, f. 1768.

Peder Knutsen vart ikkje gammal kar. Han arbeidde på gruva og døydde på Stormoen 1777, 53 år.

Fem år seinare vart Beret Tørresd. gift att med John Hemingsen Bierchen. Knut døydde i den fæle farsotta som gjekk over bygda i 1788. Systera, Beret Pedersdotter fór i same sotta. Båe hadde vori på Bjørken da. Knut d. den 6. oktober og Beret 2 dager etter, 34 år gammal.

Tørres Enbakken vart g. 1789 m. Kirsti Pedersd. Hegset, f. 1770.

Dei hadde 2 born, og båe heitte Peder.

Stor-Pe Enbakken, f. 1791 vart verande heime og tok over plassen.

305